|
Knalltur til Preikestolen (22/08-10) |
|
|
|
|
Skrevet av Runar Eike Toft
|
|
Meteorologane lova ikkje akkurat sommarvêr for KRIK-arane som hadde tenkt seg til Preikestolen, søndag 22. august. Likevel var det mange som var klare for å ta 11.00-ferja frå Stavanger. Totalt var det om lag 30 unge vaksne som var med til stolen over alle stolar...
Børge knytte KRIK-flaget om halsen og bana veg opp dei første bakkane. Ikkje uventa fekk me oppleva at regntøy hører til på ein tur som dette. Men heldigvis veit jo KRIK-arar at det ikkje finst dårleg vêr (bare dårlege kler), så humøret haldt seg så godt som bare humør kan vera. Ekstra spennande var det då me kom fram og opplevde at stupet utfor Preikestolen var heilt kvitt. Kor langt det er til botn er ikkje lett å tenka seg når skodda ligger så tett.
 For nokre heldt det ikkje å dra på dagstur. Ein hardbarka friluftslivgjeng på åtte spreke KRIK-arar la nemleg ut på turen allereie dagen før for å ta ei natt i lavvo. Dei møtte dagsturgjengen me opne armar og inviterte alle som ein inn i sameteltet. Det var ikkje alle som takka ja til invitasjonen, men dei som gjorde det angra ikkje då Johannes sjølv tente på raudspriten og viste oss korleis ein laga mat i naturen før olja vart oppdaga ein vinterdag i ’69. Stemninga blei ikkje dårlegare då menyen blei gjort kjent. Toro pannekaker med syltetøy var det som skulle metta svoltne turmennesker mens regnet i periodar lagde øredøyvande trommevirvlar på teltduken. Sjølv om me hadde det godt, kunne me ikkje bli der heile kvelden. Så då det blei opphald blei campen rigga ned. Det viste seg då me kom ut at skodda hadde letta betrakteleg, og me fekk den utsikta som me hadde håpa på. Flott tur + Glade KRIK-arar = Ein herleg kombo! Det er fare for at fleire bilete blir lagt ut om ikkje lenge.. |