Hjem
Avslutning på Dalsnuten (04/06 -10) PDF Skriv ut E-post
Skrevet av Margunn Lygre   
Det var ein gong, for lenge lenge sidan utanføre ein by langt, langt borte, nærare bestemt Sandnes, at det skulle arrangerast den årlege avslutningsturen til Student-KRIK Stavanger. 4.-5. juni stilte Gud med fint vêr, og Student-KRIKarane med masse godt humør. Målet var Dalsnuten, og i løpet av kvelden kom omlag 38 KRIKarar tuslande oppover bakkane...

_dsc3410.jpg

Vel framme ved lavoane og KRIK-flagget stod Egil klar og delte oss inn i grupper som skulle kjempa  saman gjennom diverse teambuildingspostar. Alt frå tre mann på same par ski til kasting av råtne egg var postar som laget måtte gjennom. 
_dsc3448.jpg
 
Etter langt om lenge var leikane vel gjennomført og grillane stod klare til bruk slik at alle fekk noko i magen før kvelden leid på. Det er ikkje berre magen som treng føde. Vel så viktig er det at sjela får mat! Difor hadde me ei fin samling der alle mann song litt til Lina sine vakre gitartonar. Sylviann hadde ein flott andakt der ho minna oss om at sjølv om det er ferie og både studentar og Kolumbus tar ferie, så tar aldri Gud ferie. Han er alltid der for oss! Alltid!
_dsc3478.jpg
 
_dsc3479.jpg
 
 Så godt som alle mann gjekk i meir eller mindre samla flokk opp til sjølve Dalsnuten der me poserte framføre varden. Nokre valde å ta turen heim etter dette, medan andre brukte kvelden vidare til å sitja i ring rundt leirstearinlyset (i mangel av eit bål..) der praten gjekk ivrig. Nokre overnatta heime, andre på toppen av Dalsnuten, og atter andre i eller utanføre lavoane. 
 _dsc3494.jpg
 
_dsc3519.jpg
 
 Trass i nokre hindringar (ei grind som var vanskeleg å koma gjennom samt eit bildekk som måtte bytast) kom alle seg heim. Og så langt meg er kjend lever alle lukkeleg alle sine dagar. Enn så lenge!
 
_dsc3536.jpg 
Snipp, snapp, snute, og så var avslutningsturen og Student-KRIK året ute. Vonar du dukkar opp att i august!
 
 
 
 
< Forrige

Nyeste bilder

A photo on Flickr
A photo on Flickr
A photo on Flickr
A photo on Flickr
A photo on Flickr
A photo on Flickr
A photo on Flickr
A photo on Flickr
A photo on Flickr
A photo on Flickr


facebookBli fan på Facebook
twitter.jpgFølg oss på Twitter
flickr.jpgSe bilder på Flickr