|

Treningsgruppa i Student-KRIK Stavanger er den som har med alt det sportslige å gjere! Me kan kanskje til og med seie at dette er den viktigaste gruppa i organisasjonen? Denne fantastiske gjengen står for, leder og organiserer treningane på tirsdagen og fredagen, og i tillegg står dei for Multicup'en me pleier å ha litt utpå våren. Denna gjengen gjer ein fantastisk innsats for at me ska ha det så kjekt som mogleg på treningane, og dei gjer ein veldig god jobb! Me ser fram til at nettopp du tek turen innom ei av treningane våre og ser korleis me har det. Tirsdagstreninga foregår i SIS Sportssenter ved UIS og Fredagstreninga foregår i Ynglingehallen på Tjensvoll. Trykk på linkane for meir utfyllande info. Kanskje du har lyst til å bli engasjert i treningsgruppa? Me treng nettopp DEG til å vere med og sei korleis treningane skal organiserast, og ikkje minst, til å vere med og lede treningar. Dette er ikkje tidkrevande arbeid og i tillegg veldig kjekt! Tar du utfordringa? Leiaren for treningsgruppa er Roger Vassbakk . Ta kontakt med han om det er noko du lurer på, eller om du har forslag, ris/ros eller om du har lyst til å engasjere deg.
|