Hjem arrow Om oss arrow KRIK Sosial
KRIK Sosial PDF Skriv ut E-post
Skrevet av Leif Horpestad/Anders Eidhammer   

Kva er vel betre enn ei eigen undergruppe som KUN jobbar for at du skal ha det kjekt?

DSC03121.JPGDSC03125.JPG

DSC03120.JPGDSC03123.JPG

Sosialgruppa til Student-KRIK Stavanger er den som b.l.a. styrer kor hybelkveldane etter treningane skal vere. I tillegg er det den som arrangerer den årlege Bli-kjent-turen kvar haust. KRIK Sosial styrer og steller, lager kaker, koker kaffi og legg alt til rette for at du skal ha det heilt topp på kvart KRIK-arrangement!

Kva er ein hybelkveld? 

Kva er det du seier? Veit du ikkje kva ein hybelkveld er? Då skal me forklare til deg. Etter treningane er det ofte mange som føler for meir sosialt samvær med folka dei blei kjende med eller kjenner frå treninga. Då har nokon kome på den geniale ideen å samla gjengen heime på hybelen/leiligheten/huset til ein eller fleire av deltakarane. Dette er sjølvsagt heilt frivilleg, og ein blir spurd om å ha hybelkveld i god tid på førehand. Kan dette vere interessant? Ikkje? Då skal me forklare meir kva som skjer på ein hybelkveld. Her møtest alle og kosar seg, speler spel, drikk kaffi, et snop eller noko anna som verten har funne på. Her kan du bli kjend med dei du ikkje fekk snakka med på treninga, eller kanskje til og med sjekke dei opp? Håpar dette høyrtes spennande ut. Me treng alltids nye hybelvertar. Trykk på DENNE linken om du har lyst til å ha ein hybelkveld.

Det er som regel felleskjøring frå treninga til hybelkvelden, og på treninga får du info om kor hybelkvelden skal vere, og korleis du kjem deg dit.

Kva er Bli-kjend-turen?

Kvar haust arrangerer Student-KRIK Stavanger ein tur for å bli kjent med kvarandre til ein eller annan utsøkt leirplass i regionen. Grunnen til at me arrangerer denne turen er at kvar haust kjem det nye studentar og unge vaksne til byen, og desse må få ein moglegheit til å bli kjende med alle andre i Student-KRIK. På denne turen har me det vanvittig kjekt! Tenk deg kanopadling, topptur, bading, knallgod mat og kos ei heil helg, i svært godt lag med andre KRIK-folk.

blikjent07 (61)blikjent07 (63)

Høyres dette interessant ut? Møt opp på treningane i byrjinga av haust-semesteret og du vil få god informasjon om kor turen skal vere, når den skal vere og korleis du melder deg på!

I tillegg er KRIK Sosial djupt involvert i det årlege Juleballet me har i desember! Her feierer me året som har gått, med kåringar, knallgod mat, dansing og musikk. Her møter sjølsagt alle opp i den finaste stasen dei har, og det blir tilfeldig utvalg av "følge" før me startar sjølve festen. Har du lyst til å bli med? Følg med på www.skriks.no for info om tidspunkt, stad og anna!

Føler du for å kome med underhaldning eller anna "show" anten på hybelkveld eller juleball eller tur, eller du føler for å engasjere deg med hybelkveldar eller juleball e.l.? Ta kontakt med leiaren for Sosial-KRIK Cecilie Halvorsen, eller berre ta det på sparket:)

 

 

 

 

Nyeste bilder

A photo on Flickr
A photo on Flickr
A photo on Flickr
A photo on Flickr
A photo on Flickr
A photo on Flickr
A photo on Flickr
A photo on Flickr
A photo on Flickr
A photo on Flickr


facebookBli fan på Facebook
twitter.jpgFølg oss på Twitter
flickr.jpgSe bilder på Flickr


Siste nytt fra KRIK Sosial