Hjem arrow Undergrupper arrow KRIK Friluft arrow Om oss
KRIK Friluft PDF Skriv ut E-post
Skrevet av Anders Eidhammer   

Friluftsgruppa ordnar alt som skjer utandørs i Student-KRIK Stavanger!

Tenk deg ein flott søndag i Mars, på fottur langs stranda på Jæren, fottur til preikestolen og Kjerag, skitur til Røldal eller Sirdal med pudder til knes og sol! Eller tenk deg ein sur topptur til Oltedal eller ein grilltur i fjæra på Sola eller overnatting under open himmel på Hjelmeland! Alt dette og mykje meir  driv Friluftsgruppa i Student-KRIK Stavanger med. Her er ALLE velkomne, og du treng slettes ikkje være nokon supermann for å vere med. Tvert imot, her er det gamal og ung, høg og låg!:)

I tillegg til alt dette fantastisk kjekke arrangerer me den årlege skiweekenden til Røldal som alltid er ein braksuksess!

Blir DU med på neste tur?

Har du lyst til å engasjere deg i Friluftsgruppa? Me treng folk til å vere med i undergruppa. Her kan du få vere med og bestemme NÅR me skal ha tur, KOR turen skal gå, og KVA me skal gjere der!:) La ikkje denne moglegheiten gå frå deg. Ta kontakt med leiaren i Friluftsgruppa,  Debora Lilleås , om du vil vere med, om du vil vite om kva det innebærer, eller om du lurer på noko heilt anna! 

 

Nyeste bilder



facebookBli fan på Facebook
twitter.jpgFølg oss på Twitter
flickr.jpgSe bilder på Flickr

Siste nytt fra KRIK Friluft