Hjem arrow Undergrupper arrow KRIK Trening arrow Tirsdagstrening
Informasjon om SiS Sportssenter PDF Skriv ut E-post
Skrevet av Anders Eidhammer   
sis_sportssenter1.jpg

Tysdag
Tid: 17.00-19.00
Sted: SiS Sportssenter ved Universitetet i Stavanger

Hei og hå, og bli med på trening kvar tysdag på SIS sportssenter i store hallen! Her spelar me div. ballspel og anna morro, har det kjekt og sosialt i lag og blir kjende med kvarandre gjennom aktivitet!

Treninga startar med ei oppvarming! Treningsleiaren bestemmer kva som skal gjerast, og det er som regel ein morosam leik, stafett eller liknande slik at me blir varme og gode før "alvoret" startar. Etterpå er det avstemming om kva folk har lyst til å gjere. Hallen blir som regel delt i to eller tre, alt etter kor mange ulike ønsker det er. Som regel blir dei "tradisjonelle" idrettane valgt, slik som fotball, volleyball, basket o.l. Kanskje du har ein kul sport eller leik du har lyst til å spele? Kom på trening og foreslå, og kanskje du slår gjennom:)

Kl 1800 (pausen midtvegs) har me ein kort andakt + info om ting som måtte skje i Student-KRIK Stavanger, kor neste trening er og liknande. Etterpå held me fram me med dei respektive idrettane våre, og kanskje blir dei bytta ut til fordel for andre idrettar.

Prisar og praktisk info

SiS Sportssenter er som eit "vanleg" treningssenter, men med ein sterk knytning til UiS og SiS.
SiS Sportssenter er utstyrt med eit veldig bra treningsstudio, ein flott klatrevegg, Squash, forskjellige små salar og ein stor treningshall - som er den me bruker til våre treninger. Siden SiS Sportssenter er som eit vanleg treningssenter kreves også eit individuelt medlemskap i tillegg til medlemskap hjå oss. Prisane for medlemskap på SiS Sportssenter finn du på deira nettsider. Det går også an å betale for enkle treninger. Då kostar det 60 kr. for studentar og 110 kr. for andre. Me kan dessverre ikkje gjere noko med dette, men fordelen er at når du først er medlem så kan du sjølvsagt også nytte alle dei andre tilboda SiS Sportssenter gjev.

sis_sportssenter2.jpg  sis_sportsssenter3.jpg 

Vegbeskrivelse inne i senteret--> Sportssenteret ligg på universitetsområdet! Det står SIS med store bokstavar utanpå. Når du kjem inn i sportssenteret, gå inn gjennom "bommen" og ned trappa. Gå gjennom den garderoben du føler for og sjå etter "den store døra" inn til store hallen. Der finn du sannsynlegvis nokon leiarar som kan svare godt på dine spørsmål og det er berre å kaste seg ut i det!

Absolutt alle er velkommne på treninga! Her er det ingen supermenn, og alle får vere med uansett kor god ein er:)

5 gode grunnar til å komme på tirsdagstrening:

1. Du kjem i betre form!

2. Du har det vanvittig kjekt!

3. Du blir kjend med mange nye folk som er kjempeglade for at du kjem!

4. Du kjedar deg sikkert på ein tysdag alikevel, så kvifor ikkje?

5. Du får drive med idrett i ein kristen setting!

6. Du blir kjend med mange nye folk!!:)

Link til SiS Sportssenter  

Leiaren i KRIK Trening i Student-KRIK Stavanger er Rune Linnerud. Ta kontakt med han om du lurer på noko. Link til SiS Sportssenter

Passar det betre på fredag kanskje? Sjekk ut FREDAGSTRENINGA!

 

Nyeste bilder



facebookBli fan på Facebook
twitter.jpgFølg oss på Twitter
flickr.jpgSe bilder på Flickr

Siste nytt fra KRIK Trening